søndag, april 27, 2014

Dagbok 2014: 27. april

 Bilde frå Kongsberg: Ingar likar farmor sine fiskekaker.På øvste bildet er han så lik "Mellombror" at eg stussa.

Klokka er ca 19.30, og vi har nettopp ete middag. Svinekotelettar vart det i dag, etter eit dykk i frysaren. (Vi skulle kanskje ha dykka litt før, men det er ei anna sak). Det har vore ein nydelig dag, med temperatur opp i +21 grader, no er det + 16 grader ute. Men neste helg skal vi visst få snø. Akk, ja, forandring fryder, men ikkje alltid.
Dette har stort sett vore ein kviledag i pensjo-heimen, kan ikkje ta det like hardt kvar dag.
Før middag dreiv eg og laga litt mat til frysaren, alltid kjekt å ha noko på lur. Vi snakka med Rasmus og Ingar på Skype, og det ar kjekt. Ingar hugsa heile namnet til bestefaren: Nils Steinar Trovåg Farfar.
Elles var vi ute og prata litt med naboane og klipte nokre kantar som stod att etc.
Etter lunsj låg vi på altanen og sola oss ; sov og las. Og eg blei endelig ferdig med boka mi. No skal eg lese islandsk krim av favoritten min, Arnaldur Indridason.
I morgon ventar vi Margrete til middag, det er lenge sidan sist. Det blir vel ein liten baksmell når veret slår om, men "vi står han av". Det blir i alle fall ei kort veke, i Kongsberg skulle dei ha fri 2.mai også, så der blir det langhelg. No skal eg ut på altanen og berge det som er der av teppe, dyner etc. i fall regnet/snøen kjem i natt. Og så lagar Nils kaffi!

2 kommentarer:

solveig sa...

Snø? Sju plussgrader og sol neste søndag på yr!!!!

Besta sa...

Då har dei vel ombestemt seg igjen?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...