søndag, april 13, 2014

Dagbok 2014: 13.april

Klokka er 16.00, temperaturen ute er +2,7 grader C og det som fell ned frå himmelen er noko midt imellom snø og regn.Det er snø langt nedetter fjellsidene. Oi-no haglar det! Vi hadde finare vêr i vinter, men som den pessimist eg er, har eg venta på noko slikt som dette.Vi kjem nok til å måtte legge om til vinterdekk att når vi skal over fjell og hei på tysdag.
Tysdag er det forresten meldt betre vêr over heile landet.
I dag har vi halde oss inne, eg prøver å komme meg til att i hofta, og det går bra så lenge eg ikkje sit!
Sette i gang med å pakke kofferten etter prinsippet: Ta med deg alt du har, ikkje godt å vite kva du får bruk for ! Den er full for lengst! men så fekk eg rydda klesskapet med det samme. Elles så vaskar eg klede, og snart skal eg stryke, det blir å tørke i trommel i dag. 
Har også laga noko kakefyll. Til middag hadde vi ikkje verken kjøpt eller tatt opp av frysaren noko, så det blei til at eg steikte pannekaker. Greitt nok det. Appetitten er på topp.Etter at vi hadde ete, blei det pause på sofaen, og eg fekk lese ut krim-boka mi. No skal eg snart begynne på nr.2. Det er korte bøker, og takk for det. 7-8 plater er nok.
Nils har funne sport på TV-det er ikkje noko som interesserer meg.
Håper de som har påskeferie får i alle fall nokre fine dagar. Ser ut som om mildvêret kjem ut i veka.
No skal vi ta oss ein tur ut og sjå etter båten, så slepp vi det i morgon.Bonusen er ein liten tur i frisk luft.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...