mandag, april 14, 2014

Dagbok 2014: 14.april


Klokka er snart halv åtte. Temperaturen i underkant av + 3 grader C Ute lavar snøen ned, mykje verre enn på bildet over. Tidlegare i dag har det hagla noko voldsomt, men i morgon er det meldt finare vêr.
I dag er det "Sommardag", også kalla "Flyttedag". I gamle dagar kunne ikkje tenestefolk skifte arbeidsplass anna enn på 14.oktober og 14.april. Dei måtte binde seg for anten vinter eller sommarhalvåret. I ei bok eg har står det at om det snør på Sommardag, skal det kome snø ni gonger til. Ja, eg har sagt det i heile vinter at snø får vi før eller seinare, gjerne i mars-april.Nils har ikkje villa høyre på det øyret, men pessimistar får som regel rett. Men liggande blir snøen ikkje.
I dag har eg hatt litt av kvart å gjere. Har prøvd å få i orden huset før vi fer, har vaska klede, pakka osb.
Nils var på biblio og henta ei bok til meg. Må ha ei som eg kan spele av på Walkman, om MP3-spelaren skulle bli tom. Noko den høgst sannsynlig ikkje blir.
Nils har lagt om til vinterdekk igjen, for sikkerheits skuld.
No høyrer vi at "Hafast" er valt framfor "Fefast" , noko som vi absolutt ikkje likar her i huset. Men det er vel næringslivet i Ulsteinvik som pressar på. Kva dei har tenkt å gjere med tunnelen under havet, veit ikkje eg. Den er i alle fall ikkje godkjend som ein del av E39. For dei som ikkje er orientert er "Hafast" eit samband frå Hareid til Sulesund, men bru eller tunnel, kva veit eg. "Fefast" omfattar bru frå Festøy til Solavågen.
Ja, det er vel små problem i forhold til det som skjer elles i verda.
I morgon fyller Eirik 17 år, men vi reiser frå heile feiringa. Eg lovar at vi skal ta det att etter påske.Håper han får ein fin dag i alle fall.
GRATULERER !

2 kommentarer:

solveig sa...

Bursdagsbarnet skal lærekøyre til Hareid i morgon! Middag her, så kan alle kome - 10 til bords!

Besta sa...

Og vi dreg sørover ......

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...