onsdag, februar 05, 2014

Dagbok 2014: 5.februar.

Klokka er 17.15, temperaturen ute er+ 2 grader C, men for eit par timar sidan var den +7 grader. Det har vore ein strålande dag, med nesten skyfri himmel. Sola kom inn i stova til oss klokka 9.50 og vart her til ca klokka 16.00. Det merkast godt på varmen inne. Når eg ser bort på Melle ved foten av Melshornet, kjem eg i hug dei fem sollause vintrane der, i eit gammalt hus. Då såg vi hit vi no bur og misunte dei som hadde sol. No har vi budd i 40 år på solsida. Bilda eg tok i dag vart tatt frå trappa og altanen , som vanlig. Synest det er tungvint å dra rundt på eit stort kamera når vi går tur.
 I dag har eg gjort lite og ingen ting. Berre rydda litt i huset som vanlig, og vaska håret. Laga tidlig middag. I dag vart det brun lapskaus av restar. Hadde att både steik og saus frå mandag, og med grønsaker og poteter vart det godt. Ikkje ofte vi har hatt den retten i seinare år.
Etter at vi hadde ete og slappa av litt, gikk vi ein tur rundt Storebakken. Eg var ikkje i storform i dag, så det vart ein heller kort tur. Nils skulle eigentlig ut og fiske i lag med Matias i dag, men var ikkje nøgd med vêrmeldinga. Her hos oss merkar vi lite til vind, men når yr.no seier at det blæs der ute, så gjer det vel det.Nils jobba litt med å rydde vekk noko ved som han drog heim i går. I dag var vi inn att i skogen og såg oss ut eit par bjørker. Det er fint vêr til vedsaging.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...