fredag, februar 28, 2014

Dagbok 2014: 28.februar.



Klokka har bikka 17.30. Ute er det overskya og opplett, slik det har vore det meste av vinteren. Temperaturen er + 9 grader C, ikkje uvanlig det heller.Skulle vel ikkje seie det, men eg hadde ønska meg ein aldri så liten vinter før våren kom.No spirer løkane overalt i hagen og snøklokkene blomstrar, så det er litt seint å kome med vinter no.
Vi kom akkurat att frå ein liten tur til Vik, og eg tok bilde i gata her; som de ser er her nokså fredelig i Starevegen ein tidlig fredagskveld.
Før i dag har eg støvsuga og gjort diverse husarbeid, Nils har styrt på ute. Vi har ikkje ete middag enno, men no driv eg og steiker kotelettar. Vi var ein tur ut til fiskekameraten Kjell og fekk lange og lyr i byte mot ein sekk tørka småsei som Nils har laga til åt hundane til Kjell.
Det har vore relativt hektisk før i veka, så i dag vart eg litt sløv og la meg på sofaen med lydbok midt på dagen, men så ser eg aldri TV på dagtid. Saknar strikkepinnane, men har ikkje tort meg til enno, sjølv om ryggen er bra no.
Har ikkje så mykje å fortelje i dag,så eg får berre ønske alle ei god helg. Fekk bilde frå Rasmus, på mobil, dei er på hytta. Dei har hatt vinterferie denne veka.

Det er berre nokre få dagar sidan eg såg de første teikna til blomster på Hoyaen, men no er den full av klasar. Dette er ein avleggar frå den store planten eg hadde før.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...