fredag, februar 21, 2014

Dagbok 2014: 21.februar

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er + 6 grader C og det er overskya.
Nils for nettopp av garde, han skulle på styremøte i Rjåneshamna, der vi har båten vår. Så får eg ei fredelig stund med lydboka mi, "Alfabethuset" av Jussi Adler Olsen. Har litt problem med å konsentrere meg om den, så lesinga går seint.
Før middag gikk Nills ein tur i skogen, mens eg støvsuga. Sidan vi hadde litt for mykje melk på lager, kokte eg risengrynsgraut til middag, og så hadde vi litt spekemat til. Ikkje det mest spennande eg kan tenke meg.
Elles har vi slappa av, Nils med TV og eg med bok. Har forresten gjort litt kontorarbeid også. Eg går litt på tomgang for tida, passar meg for tungarbeid og anna som kan skade ryggen, som til dømes strikking. Så langt går det heilt fint, og eg har ikkje vondt.
No har eg dusja og vaska håret, så eg føler det er helg. Og snart slutt på vinterferien her; i Kongsberg er det vinterferie komande veke, men det blir ikkje skitur på Rasmus i år, ikkje badeland heller.
I dag kan vi gratulere tanteungen vår, Hilde Helen, med 44-årsdagen,
Henning på Eid med 10 årsdagen , og kong Harald med 77- årsdagen !
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Fint bilde av Kong Harald og trone-etterfølgjarar. Her var det bursdagsfeiring for Henning på Os, men utan Signe og Kåre som er i Australia. På grunn av vinterferien blir det barneselskap seinare.

Marie sa...

Så koseleg å lese desse kvardagsforteljingane dine :)

God helg :)

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...