torsdag, februar 20, 2014
Dagbok 2014: 20.februar
Klokka er ca 16.00, og temperaturen ute +3 grader. Det er overskya og det er ikkje mykje vi har sett av sola i dag.No har vi nettopp ete steikt småsei til middag, og det smakte fortreffelig, som vanlig.
Før middag i dag fekk eg vaska bad og kjøkken og så sende eg av garde eit innlegg til avisa. Godt alt som eg gjort til helga.
I dag hadde vi mange ærend i Vik, eg har jo ikkje vore på Amfi på over ei veke. Trefte forresten ei god veninne som eg ikkje har sett på lenge, så vi vart no ståande å prate ei stund. Eg hadde eit oppdrag frå barnebarnet, Olaug, det var ei Mummiskål eg skulle skaffe henne, håper det er den rette.
Nokre kontorsaker trong eg også, og eg hadde i bakhovudet at om eg fann ei viss bok på sal, så skulle eg kjøpe den. Og det gjorde eg. Har høyrt mykje skryt av denne boka, men vart litt betenkt då eg såg ordet bestseller....
Den gamle steikepanna vår song på siste verset, og på Jernia hadde dei svære steikepanner - minus 500 kr om ein leverte inn den gamle. Den gamle hadde vi ikkje med oss, men rekna med at det gikk greitt likevel, og det gjorde det. Vi kan vel like godt kaste den gamle sjølve? Fisken vart steikt på den nye panna i dag, og det gikk bra.
No gler vi oss til laurdag, då skal vi til Hareid og feire Audun sin 24-årsdag. Fødselsdagane kjem tett no framover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Det er rette skåla!
Eg kjøpte lydbok av Øystein Wiik, "Dødelig applaus" på Mammutsalget.
Den har eg lese, Bodil,som lydbok. Ganske eventyrlig. Underhaldande.
Legg inn en kommentar