lørdag, februar 15, 2014

Dagbok 2014: 15.februar

Klokka har passert 18.00. Ute er det overskya og for det meste opphaldsvêr, temperaturen er +7 grader C. Nils har vore ute og gått tur, mens eg har lagt på sofaen og prøvd å lese lydbok, men med lite hell; har somna igjen og igjen. Skuldar på at eg har tatt diverse smertestillande tablettar.Kaffien kolna i koppen.
Før middag var eg litt meir oppegåande, fekk både støvsuga og moppevaska litt til helga.
Vi måtte ein tur nedover på biblio, såpass eg fekk meg lesestoff. Boka eg hadde tenkt å låne på papir var ikkje inne, men eg fann meg ei svensk krim-lydbok.Så viste det seg at Birgit hadde litt på lur, nemlig siste Adler Olsen og siste Paasilinna på CD. Dei var ikkje klargjort, men eg hadde fått dei med meg om eg ville, men så fann eg ut at eg heller kunne hente dei over helga, etter at ho hadde gjort dei klar for utlån.
Måtte nesten flire når eg såg kva Margrete les no, nemlig ei bok som eg gav opp i si tid, mens ho rakkar ned på ei som eg nyss las og likte. Skulle tru at jorda hadde begynt å gå feil veg rundt. Vi plar alltid like samme bøkene.
Vi trong berre ein einaste ting i dag, og det var kaffi, så vi køyrde bort på El-kjøp for å hamstre "Løfbergs lila" - men der var det tomt! Vi kjøpte imidlertid eit heilt kilo heile bønner av eit italiensk merke som er veldig bra. VI drikk ikkje mykje kaffi, men den vi drikk må vere god.
Då vi kom heim varma vi opp middagsrestar  frå i går, såpass vi fekk orden i systemet.Og etterpå somna eg altså. No skal eg tømme oppvaskmaskina.

4 kommentarer:

solveig sa...

Dei to bøkene har eg og lyst å lese! Lurer på om eg torer å lese dei to bøkene de er usamde om? Det er bra vi ikkje er heilt samstemte. Det ville vore kjedeleg!

Besta sa...

Eg rippar bøkene og leverer dei tilbake. Det er derfor eg får alle lydbøker FØRST.

Besta sa...

Er vi usamde om to bøker? Margrete og eg er usamde om ......fjellene, elles er Marg og eg enige om Wassmo, men der er du uenig.Den boka Marg les no, las eg aldri ut, men det er veldig lenge sidan.

solveig sa...

Ok, må vel vente til ho har lese ...

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...