mandag, februar 10, 2014

Dagbok 2014: 10.februar



KLokka er snart 17.00, temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya med tendens til regn.
I dag hadde eg planen klar, eg skulle skifte på sengane, lufte sengetøy etc. mens vi framleis hadde godvêr, så det var full fart ut på altanen med dyner og teppe. Det gikk ikkje mange minutta før dynene måtte i hus igjen, for då kom regnet. Teppa fekk henge litt lenger. Det vart vasking og rydding både her og der. Ja, det er somme som trur at eg vaskar støtt, det gjer eg ikkje, men jammen greier vi å ruske bra til, vi to gemlisane, for vi styrer med ganske mykje.
I dag var Nils på vedaskogen igjen, og akkurat då eg var ferdig med husarbeidet kom han heim med eit lass kubbar i bilen.
Etter at vi hadde ete litt, reiste han tilbake til hogstplassen for å hente meir ved, mens eg kløyvde ferdig første lasset. Var akkurat ferdig då han kom att. Han plukka i sekker, mens eg kløyvde lass nummer to. Kløyvinga er eg ferdig med, men der er meir ved som skal i sekker.
Elles må eg vel lage litt middag i løpet av kvelden.Dagane går som ein røyk når ein har noko å styre med, og det har vi som regel.



Ikkje all veden blir kløyvd, noko blir pakka i sekker runde. Bra patent for sagkrakk?

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest de er flinke å jobbe begge to!

Besta sa...

Litt FOR flinke kanskje. Men vi likar dette betre enn treningsstudio.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...