fredag, november 01, 2013

Dagbok 2013: 1.november.

Klokka er18.45, temperaturen ute er +7 grader, og det regnar.
I dag er det første novemberdagen, og den har vore akkurat så grå som novemberdagar kan vere. I fjor haust hadde vi strålande vêr og sol til det nærma seg jul, så dette mørket kom veldig uventa i år.Men det kan no vere at det lettar opp igjen.
Nils har lagt vinterhjula på bilen i dag. Han har kjøpt seg ei såkalla garasjejekk, for der følgjer ikkje lenger med jekk når ein kjøper bil. Heller ikkje er reservehjul med i "pakken". Berre utstyr til å reparere om ein punkterer.
I dag har eg gjort enda mindre enn i går, dvs. så å seie ingenting.
Vi var ein tur til Vik f.m. Vi skulle hente medisin på apoteket, og eg trong meir garn til det årlige lesteprosjektet mitt. Vi trefte  sjølvsagt mykje folk vi kjenner, Amfi er blitt den viktigaste møteplassen her i bygda, der er det alltid tørt og varmt.
Elles er eg langt inne i ei ny bok av Gaute Heivoll. Ein norsk forfattar som har fått altfor lite verksemd. Og no les eg lydbok på den vesle MP3-spelaren, som eg går rundt med i lomma.
No er Nils komen inn og har sett på TV-en. Han har følgt nøye med i saka om dei to som farsvann på havet i Solund. Han har ringt rundt og snakka med slekta og funne ut at han ikkje kjenner dei.
Då vil eg ønske alle ei god helg! Blir det dårlig vêr får vi kose oss inne. Det er alltid noko å finne på.

2 kommentarer:

solveig sa...

God helg - frå Vigra førebels.

Hildegard sa...

God helg!

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...