Klokka er18.45, temperaturen ute er +7 grader, og det regnar.
I dag er det første novemberdagen, og den har vore akkurat så grå som novemberdagar kan vere. I fjor haust hadde vi strålande vêr og sol til det nærma seg jul, så dette mørket kom veldig uventa i år.Men det kan no vere at det lettar opp igjen.
Nils har lagt vinterhjula på bilen i dag. Han har kjøpt seg ei såkalla garasjejekk, for der følgjer ikkje lenger med jekk når ein kjøper bil. Heller ikkje er reservehjul med i "pakken". Berre utstyr til å reparere om ein punkterer.
I dag har eg gjort enda mindre enn i går, dvs. så å seie ingenting.
Vi var ein tur til Vik f.m. Vi skulle hente medisin på apoteket, og eg trong meir garn til det årlige lesteprosjektet mitt. Vi trefte sjølvsagt mykje folk vi kjenner, Amfi er blitt den viktigaste møteplassen her i bygda, der er det alltid tørt og varmt.
Elles er eg langt inne i ei ny bok av Gaute Heivoll. Ein norsk forfattar som har fått altfor lite verksemd. Og no les eg lydbok på den vesle MP3-spelaren, som eg går rundt med i lomma.
No er Nils komen inn og har sett på TV-en. Han har følgt nøye med i saka om dei to som farsvann på havet i Solund. Han har ringt rundt og snakka med slekta og funne ut at han ikkje kjenner dei.
Då vil eg ønske alle ei god helg! Blir det dårlig vêr får vi kose oss inne. Det er alltid noko å finne på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26. november
På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
God helg - frå Vigra førebels.
God helg!
Legg inn en kommentar