Klokka er 18.15. Temperaturen er + 6 grader C, og det har vore ein grå og regnfull dag, men enda litt meir snø i fjella. Bildet er tatt ca klokka 14.00, Det har vore stor aktivitet i nabolaget i dag. Derfor alle bilane.
Vi har ikkje vore særlig aktive. Vi var ein tur nedover før middag, og så laga vi middag. I dag vart det kokt lange. Etter middag har eg sløva og lese bok, er snart ferdig med den no. Og så blir det vel ein lang TV-kveld, med strikketøy innimellom.Følgde ikkje med på strikkeprogrammet sist natt, men strikka gjorde eg.
Neste veke blir det litt meir aktivitet her i heimen, med boklansering på tysdag og pensjonistmøte på onsdag.Blant anna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar