søndag, november 03, 2013

Dagbok 2013 : 3.november.


Klokka har passert 18.00, og det er stupmørkt ute for lengst.
Litt vanskelig å venne seg til dei tidlige kveldane. Men det har vore ein fin dag, lettskya, og ein del sol. No er temperaturen +6 grader C.
Vi har mange gonger tenkt at vi skulle gå ein tur på Melssetra, men aberet er at den ligg på skuggesida i dalen. I dag før middag var det ikkje sol, og derfor køyrde vi fram til Melsgjerdet for å ta turen. Første gongane vi gikk på setra der framme gikk vi på ein sti rett opp og det var ikkje langt. Seinare vart det laga skogsveg, og då vart det mykje lenger.
No har dei utbetra skogsvegen til å bli tømmerveg, brei og fin, men enno ikkje ferdig grusa, så vi gikk mest på pukkstein. Vi hadde tatt med oss stavar i dag, og eg kjende det hjelpte for ryggen mens vi gikk oppover, nedover hadde eg mindre nytte av dei.
Det vart ein kjekk tur, for vi møtte fleire gamle naboar frå den tida vi budde på Melle, og prata med dei.Vi budde på Melle frå 1965-1970.
Alle bilda tok eg på veg nedover. Her som Nils går på bilde hadde ein før fin utsikt fram mot Vatnevatnet, men no er det berre tjukk granskog.
Her ser vi heim att. Vallahornet og Saudehornet til høgre i bildet.
Bilen hadde vi sett frå oss på Melsgjerdet. Då Margrete var lita brukte eg å trille fram hit og snu, med Solveig og Rasmus på kvar si side av barnevogna.
Huset vi budde i på Melle er rive for lenge sidan, og der er kome eit nytt hus på tomta.(Til venstre i bildet) Men løa "vår" står framleis.Hugsar ein gong der kom ein mann og mala løetaket. Rasmus kalla han "takmannen". Han heitte eigentlig Einar.
 
Då vi kom heim laga vi kjøttkakemiddag, og så vart det avslapping på sofaen med lydbok for mitt vedkommande.
No har visst Nils funne seg ein fotballkamp, eg skal kvile ryggen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...