søndag, oktober 06, 2013

Dagbok 2013: 6.oktober

Klokka er snart halv sju, og eg kan skrive litt i dagboka, sjølv om det strengt tatt ikkje har hendt noko som helst i dag. Ute er det skodde og regn, og eg har ikkje vore ute for ei dør i dag. Har vondt for å tru at eg kjem meg ut i løpet av kvelden. Temperaturen er +11 grader C.
Før middag dreiv eg og laga litt mat, før eg shina opp kjøkkenet. Strikka litt også.
Etter middag har eg halde fram med eit arbeid som eg begynte på i går, nemlig å rydde opp på PC-en. Der ligg alt eg har scanna gjennom mange år, og ikkje alt er verd å gøyme på. Fann ein del interessante, gamle bilde også. Det eg ikkje visste var at der låg nesten 4000 lydfiler i søppelboksen.No er dei fjerna, og eg lurer på om maskina vil arbeide hurtigare etter å ha blitt kvitt så mykje rusk.
Eg synest det er trist for dei som skal ha haustferie no at vêret er så trasig, vi får håpe på finare dagar i slutten av veka.
Bildet øvst viser nils på konfirmasjonsdagen i 1951, saman med foreldra sine, Rasmus og Johanna.På bildet under ser vi Nils og Johanna utanfor aldersheimen på Hardbakke der Johanna budde i mange år.Det må vere ein gong sist på 80-talet.

4 kommentarer:

solveig sa...

Artig med konfirmasjonsbildet. Dei tok nok sjeldan bilde, så det vart litt meir stivt enn no.

Hildegard sa...

Koselege bilder, verd å ta vare på. Hilde og eg har vore i Operaen på operetten, "Flaggermusen". Vakker musikk og veldig morosamt. Mykje sunnmøringar i kveld.

Bjørg sa...

Eg ryddar litt på PCen eg og. Der ligg så mykje dobbelt at det er til å gje opp å få orden på.
Og det tek så mykje tid.

Besta sa...

Pensjonistlaget arrangerer tur til operaen på tysdag, men eg blir ikkje med. Opera er ikkje for folk med tinnitus. Eg var der i fjor.
Ja, Bjørg, det tek tid å rydde på data, eg er på langt nær ferdig.

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...