Klokka er ca 17.30, temperaturen er + 4 grader C. Det er kraftige regnbyger, innimellom kjem det små gløtt av sol. Snøen er komen langt ned i fjellsidene, men eg håper at det ikkje er sjølve vinteren som er komen, berre ein liten forsmak.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha vore verken flink eller flittig, har eigentlig ikkje gjort noko som helst. Vi var nedover og handla litt før middag. På Coop trefte vi mange kjende, mellom anna ein av naboane frå Melle som eg ikkkje har sett på mange år.
I dag fall vi for freistinga å lage Taco, og tilfeldigvis er det altså fredag. Vi åt retten i vanlig middagstid og det smakte godt innimellom all fisken.
Var innom biblio i dag også, og fekk med meg nyaste boka til bergens-krimforfattaren Chris Tvedt,Den blinde guden, boka er dessverre i MP3-format, så då må eg bruke den store Walkman-en. Men eg har testa at den funkar der.
Var ein liten tur ned i kjellaren og rydda litt, men eg har mykje som skulle ha vore gjort - så mykje at eg ikkje veit kvar eg skal begynne, derfor står eg heilt i stampe. Ja arbeidet spring no ikkje ifrå meg.
No er det fredag igjen, og mykje å sjå på TV, men først må eg ha meg ei lita lufterunde, tross vêret.
Ønskar alle ei god helg, og håper vinterdekka er på plass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.november
Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
På plass her!
Legg inn en kommentar