Klokka har passert 18.30. Det er opphaldsvêr ute, som det har vore i heile dag. Temperaturen er + 15 grader C.
Eg sit og ladar opp til å gå ut ein tur. Har vore veldig lat i dag. Sidan eg skulle til legen klokka 13, var det ikkje aktuelt å legge opp til noko storarbeid. Etter eg hadde vore til legen, var vi ein tur på Amfi før vi reiste heim og åt middagsrestar frå i går. Etter ei stund på sofaen og ein kaffikopp, var det ikkje så mykje att av dagen.
Det høyrest passe sløvt ut, men eg har i alle fall strikka og lese innimellom. I morgon blir det vel også ein lapredag, då er det møte klokka 12.00.
No er det så fint ute og eg rekk ein liten tur før det mørknar. Det skal visst bli nokre fine, varme dagar framover, så eg håper vi kjem oss ut litt då.Nils har no fisketurane sine, men det er ikkje noko for meg.
I dag gratulerer vi Kristine på Eid med 13-årsdagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024 .27.november
Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
3 kommentarer:
Du treng no ikkje å ha så mange prosjekt kvar dag! Kos deg når du kan!
Ein og annan dag må ein kunne sløve seg litt når ein er pensjonist. Vi har feira bursdagen til Kristine både søndag - og i kveld etter at ho hadde vore på friidrett - og til helga er det diamantbryllaup for Signe og Kåre.
Eidabesta
Ja, det er ikkje slik at vi må ARBEIDE kvar dag, men eg synest det er kjekt å legge litt innhald i dagane. Ein tur er fint, litt hagearbeid, besøk etc. Gikk meg ein tur i kveldinga og trefte folk å snakke med.
Gratulerer til Signe og Kåre Nils! Dei har vore heldige og hatt eit langt liv i lag.
Hels dei frå oss, Bodil.
Legg inn en kommentar