fredag, september 06, 2013

Dagbok 2013: 6.september.

Klokka er 17.30.Ute er det regn og gråvêr, med skodde langt ned i fjellsidene, men vi har tross alt hatt nokre fine dagar denne veka. Temperaturen er + 13 grader C.
I dag tidlig for Nils på sjøen og sette ut snikar. Han fekk ikkje kolkjeft (lysing) som vi hadde håpa på, men ei stor lange og eit par fine hyser. Og så sei sjølvsagt.
Mens han var vekke fekk eg gjort unna fredagsvasken, på ein fredag for ein gongs skuld. Vi tok oss kaffi og brødskiver då han kom att, og så vart det ei lang pause. No har han styrt med fisk, mens eg har skrive referat frå møtet eg var på sist onsdag.

Vi har planta mange plommetre i hagen vår opp gjennom åra, og mange av dei har tatt kvelden altfor tidlig. Eitt av dei eldste trea står att, eit Rivers Early-tre, men i år var det skralt med plommer på det. Dei trea vi har best erfaring med her, er Opal. No har vi tre slike på plenen og mykje gode plommer. Eg er ikkje så nøye på om eg får noko å sylte, vi et det vi kan, og spanderer på dei som kjem på besøk. Dei er farlig gode !
No skal vi koke fisk og poteter til ein litt sein middag, så får vi ete plommer til dessert.Nils var ute og plukka opp i ei skål nettopp.
Ønsker alle ei god helg, uansett vêr. Vi har ingen spesifikke planar, men blir vêret bra, kan det bli ein tur.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...