torsdag, september 05, 2013

Dagbok 2013: 5.september

Klokka har passert 21.00, temperaturen er +17 grader C og vi har hatt ein nydelig, lettskya dag. Heilt uventa vakna vi opp til finevêr i dag, i staden for høljande regn, slik det først var meldt. Eg var litt lei meg for at vi ikkje kom oss på tur i går, men Nils meinte vi kunne ta det att i dag. Eg hadde eit lite ærend til Stryn, og så tenkte eg vi kunne ta turen til Eid etterpå. Ærendet i Stryn var fort gjort, men i finevêret tenkte eg at vi kunne kike litt inn i Loen også. Då såg vi at det låg eit kjempestort turistskip i Olden.Det måtte vi berre sjå! Eg har aldri sett eit så stort skip på nært hald før, så for meg var det ei oppleving. Det låg faktisk ved kai i Olden. Crown Princess heitte båten, som meir likna eit flytande hotell. Eg måtte fotografere med vidvinkel for å få med heile skipet.
 
 
 
 
Sidan vi var i Olden måtte vi berre opp og sjå Singerheimen. Der var ikkje omvisning i dag, men vi har sett heile huset innvendig ein gong før, rettare sagt i 1974, då vi feira mamma sin 70-årsdag der. Det er eit hus som er innreia i upstairs/downstairs -stil. Gløymer ikkje då Bodil og eg var downstairs og pynta kaker på eit rom ved sidan av sjølve kjøkkenet.
Vi hadde tenkt å ete middag i Loen, men fann ingen høvelig kafe. Tilbake i Stryn fann vi ein stad der dei serverte klubb (ball) som dagens middag. Sidan vi var svoltne, bestilte vi kvar sin vaksen porsjon. To digre klubbar på kvar, potet, bacon, salta fårekjøt, pølse og eit veldig minimalistisk stykke med kålrabi (rabbe) som var heilt ihelkokt. Eg har ein glupande appetitt, og er heller ikkje altfor kresen, men som eg sa til Nils:"Hadde eg laga den klubben, hadde eg følt meg rimelig mislykka!" Skal seie den var fast i fisken, for å seie det mildt. Men mesteparten gikk ned, svolten er ein god kokk.
Nils skulle for moro skuld sjå på bil ved bensinstasjonen i markane. Vi er ikkje bestemte på å kjøpe ny bil etter tre år med Colt, men den vesle Chevroleten var fristande.Vi går i tenkeboksen.
Så endelig var vi på Eid hos Bodil og Svein. Vi avstod frå servering av mat, klubben låg som bly i magen. Etter at vi hadde prata både vel og lenge, køyrde vi Stigedalen heim att. Stakk oppom Margrete, der var ingen heime, men vi møtte dei på vegen, på veg heim frå ballbingen.
Vi køyrde rundt Austefjorden heim; rett før vi kom til Bjørnaset såg vi ein rev som sprang over vegen. Vi har hatt litt av ein rundtur i dag, men jammen er det kjekt å kome seg ut dørene av og til.

2 kommentarer:

solveig sa...

Vi og stoppa i Olden i sommar for å ta bilde av turistskip, men eg trur ikkje det var så stort.
Det var ein stor dag då vi feira mormor sin 70-årsdag. Hugsar godt fargen på Singerheimen.

Anonym sa...

Prøv Nissan leaf!

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...