fredag, august 09, 2013

Dagbok 2013: 9.august.

Ei av rosene eg fekk av Solveig sist onsdag.

Klokka har passert 19.30, temperaturen er + 17 grader C. I dag har det stort sett vore overskya og skodde, men sola har også vore framme.
Nils reiste på sjøen på føremiddagen, og kom heim att med både sei og makrell. Mens han var vekke fann eg noko å gjere i huset og så baka eg tre store brød. Det vart ferskt brød og kaffi då Nils kom heim og ein liten strekk på sofaen med lydbok.
Etterpå var eg nede i hagen med kantklippar og skulle legge siste hand på verket.
Den batteridrivne kantklipparen frå Bosch skal ein kunne bruke i 40 minutt før ein må lade. Syntest den stoppa nokså brått i går, så i dag tok eg tida. 10 minutt varte det, så var det slutt, og eg var på ingen måte ferdig med jobben. Trur eg må ta meg ein tur ned på Jernia og stramme dei opp litt - ja, det er no ikkje deira skuld, men dei bør vel vite kva dei sel. Klipparen kosta over 1300 kr så den burde funke litt betre.
Sat på muren på andre sida av gata og prata med naboen ei god stund, før eg gikk inn og laga middag. I dag vart det altså steikt makrell, eller spir som både eg og Nils er vant å kalle makrellar i denne storleiken.
I kveld plagast eg med litt hovudverk og kraftig tinnitus, det er nokså uvant, heldigvis.
I morgon kveld kjem Margrete og ungane heim frå Tyrkia, ei veke går fort, men eg håper dei har fått lada batteria med sol og sommar så det held.
Elles ser eg at Øystein si nye bok "Rasmus rebellen" skal kome i handelen ca 1.september. NB: Det er ikkje VÅR Rasmus han skriv om. (Det er det einaste eg veit om boka).
Så ønsker er alle ei god helg. For mange er det vel siste feriehelga- sommaren går også fort!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...