lørdag, august 10, 2013

Dagbok 2013: 10.august.

 
 
Minstemann på Rhodos.
 Klokka er ca 17.00. Temperaturen ute er + 21 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol og passelig med varme. Vi har både sola oss på altanen  og jobba i hagen.
Før middag var vi ein liten tur nedover for proviantering. Så sola vi oss ei stund før det vart klipping av plenar og anna hagearbeid. Nils tek seg av mesteparten av klippinga, mens eg tek kantar, reinskar ugras etc. Mange år sidan eg har greidd å gjere såpass mykje ute. Litt vemodig å sjå at graset gulnar ved rota, og at ein må klippe ned dei avblomstra staudene. Det siste er no litt tidlig, for dei veks opp att, men dei er så stygge når dei står der halvvisna.
Har ikkje laga middag enno, så eg får sjå om eg finn noko å servere. Det blir ikkje fisk i dag, det har vi hatt minst tre gonger før denne veka.
I kveld kjem Margrete og ungane til Vigra, og i morgon reiser Rasmus & fam. frå Rhodos til Rygge. Bilda fekk eg frå Rasmus i dag. Dei var eigentlig store og fine, men tapte seg då dei vart forminska.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...