mandag, juli 15, 2013

Dagbok 2013: 15.juli

Klokka er ca 19.30. Ute er det overskya og regn, temperaturen er + 11 grader C. Eg har halde meg inne heile dagen, det har dei fleste andre i familien også. Nils er ikkje frisk, han hostar og er forkjøla. Wenche er heller ikkje heilt bra. Sjølv føler eg meg bra i form.Enn så lenge.
I dag har Margrete og ungane vore her, så vi var 12 til bords då vi åt middag.  Gjorde det litt lettvint. Laga ein stor porsjon kjøttsaus og kokte spaghetti til. Det er slik mat som også ungane likar.
Minstemann somna tvert på sofaen etter at "gjestane " var reiste. Han hadde det travelt med å leike -særlig med Ingeborg.
Det har vore sosiale dagar, men i morgon er det tilbake til det normale, relativt stille livet.Vêret er ikkje så mykje å skryte av, men for oss som har ferie heile året er det ikkje så farlig, og dei som skal austover reiser vel mot betre klima.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Travel og kjekk veke for dokke vil eg tru med besøk av barnebarn frå Kongsberg og feiringar. Vi hjelper til å passe Mira mens Stein m.fl.er reist til finever i Sverige,dei kjem heim til Malakoff-festivalen.
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...