Klokka er snart 21.00 og det regnar ute. Temperaturen er +14 grader C.
Før middag var der + 2o grader og opplett; då vardet veldig fint.
Nils var tidlig oppe i dag og reiste ut for å fiske. Han fekk ein del småsei og nokre større seiar. Småseien vart fordelt på oss og naboane, dei store heng framleis til tørk.
Mens Nils var vekke, fekk eg vaska og støvsuga til helga, og denne gongen var det virkelig behov for ei opp-shining. Når vi drev med ve-og hagearbeid etc. blir det nokså ruskete i huset.
Og så fekk vi uventa besøk av Bodil og Svein som hadde eit ærend i Ørsta. Det var veldig hyggelig. Hadde eg visst at dei kom, skulle eg laga middag, men dei hadde ikkje tid å vere så lenge uansett. Kjekt å få prate litt i alle fall.
Ei stund etter at dei hadde reist, blei det middag med småsei og påfølgande middagskvil. Etterpå har eg site med HH på øyret og har snart berre 3 plater att. Fekk akkurat planta potterosene før regnet kom. Så slapp vi å vatne i dag.
Gullbusken, som står på trappa, fekk vi av barna til gullbryllaupsdagen i fjor.Den overvintra i vaskekjellaren.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Kjekt med ein Ørstatur og kjekt med ein prat i Starevegen.
Køyrde Kviven framover då det var asfaltarbeid i Stigedalen, men det viste seg at det var skyting,rydding og ventetid i Hjartåberget før Volda, så det tok si tid.
Legg inn en kommentar