onsdag, juni 12, 2013

Dagbok 2013: 12.juni

Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 15 grader C. Det er overskya, men opplett. I dag tidlig var det skodde og midt på dagen ei stund var det sol. Både ungane og vi sov godt og lenge i dag, dei har hatt travle dagar og trong å flate ut litt. Etter at dei hadde ete frokost, hadde vi ærend til Vik, vi skulle på Clas Ohlson på musejakt. Amanda greier godt å bruke laptoppen utan mus, men likte best å bruke den med.  På butikken var det mange slags mus, men jenta visste kva ho ville ha, det er litt rart å registrere at barnebarna veit mykje meir om slike ting enn vi besteforeldra. Broren måtte også få noko, og han fann eit lite
dataspel som fall i smak. Han kom så fint og spurde:"Har du 200 kroner?" "Eg har uante ressursar," sa eg, "eg har Visakort ".
Nils kjøpte ein ny kran til hageslangen, det var berre eg som ikkje fekk noko. Elles kjøpte vi litt mat. Vi var ein liten tur bort i Rystefeltet før vi for heim.
Til middag laga eg fiskekaker i brun saus, noko som vi aldri plar ha.
Margrete kom før vi hadde forventa, og fekk seg ein kaffikopp før dei reiste heim.
Etter vi vart her åleine igjen har eg berre rydda litt i huset elles har eg lagt på sofaen heile tida med bok på øyret. Eg er ikkje så veldig begeistra for Jo Nesbø, men boka er vanskelig å legge frå seg, det skal eg innrømme.
I går kjøpte eg tre potteroser for 50 kr- på Plantasjen, Margrete fekk den eine. Dei to andre skulle eg plante i beddet mitt, men så langt kom eg ikkje. Ikkje i dag.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...