I går var eg litt effektiv, men i dag gikk alt berre opp i surr. Kunne liksom ikkje bestemme oss for kva vi skulle satse på. Vi måtte nedover og handle litt,og då blei det Amfi.Blant anna kjøpte eg meg nytt strykejern på Clas Ohlson.I eit ledig lokale hadde Tilseth blomsterforretning dekka fleire fine bord i ulike fargespekter, det var flott å sjå på og ein inspirasjon til folk som likar å dekke fine bord.Eg var usikker på om det vart brukbare bilde for blizen gikk ikkje av, men lyset frå lysrøra i taket gav sikkert nok lys.Elles har Femina flytta inn i lokalet der Glasmagasinet var, og i andre etasje er der eit lokale som står tomt. Hugsar ikkje kva som var der før, men det var ikkje Vero Moda, som framleis eksisterer.
Då vi kom heim gikk vi ei runde rundt Storebakken, kunne ikkje gå inn i det flotte vêret, men det er heller ikkje råd å gjere noko ute. Snøen tiner litt om dagen og frys til att om natta, så det er ikkje råd å få rydda rundt dørene, sjølv om det trengst.
Oppe i "Millionærsvingen" er dei godt i gang med å sette opp det første vertikaldelte huset; der skal byggast eitt til.
Til middag i dag vart det steikt sei frå frysaren, og så har vi hatt oss ei stund på sofaen. Det er vel og bra med mosjon, men jammen skjerper det appetitten også, så slankeeffekten blir vel lik null.
No har eg så vidt kome i gang med første boka til Jussi Adler Olsen, "Kvinnen i buret". Eg trudde trudde eg hadde lese den før, men meiner at eg blandar den i hop med ei anna bok av ein annan forfattar. Den heiter "Kvinnen i plast" og framsida liknar. Skal på biblio i morgon og hente ei bok som dei har lagt av til meg, fekk melding på mobilen.
Snakka med Rasmus i går kveld, han var veldig fornøgd med operasjonen på augene. I dag fekk eg melding om at han ser betre og betre. Sjølve operasjonen var visst berre ein bagatell.Seier han. Dei nappa vekk "linsa" frå auga, og sette inn ei kunstig linse, tilpassa synet hans, på same måten som briller.Eg vil heller ha briller!
Ønsker alle ei god helg!
3 kommentarer:
Interessant å lese Øystein sitt innlegg om Lincoln, filmen går her komande veke. Ertesupa blei kjempegod, åt altfoe myke, passa godt på ein kjøleg og fin dag. Dette skal eg lage oftare, ja! Fine bilete frå Ørsta. Ha ei fin helg!
Fekk ikkje med meg Lincoln - hadde tenkt å sjå den før vi skulle inn til Margrete den dagen, men slo det i frå oss fordi den var for lang. Kjekt at ertersuppa di vart god. Trur vi skal ha den retten neste gong Margrete og ungane kjem.Det er hennar favorittrett.
Ja, det ser vi fram til! Noko av det beste som finst!
Legg inn en kommentar