torsdag, februar 21, 2013

Dagbok 2013: 21.februar


Klokka er 13.15, temperaturen +3 grader C; det er overskya, men opplett.
Eg ha nettopp gjort meg ferdig med "fredagsvasken", som eg oftast tek på torsdag, og måtte kvile meg litt framfor datamskina. Nils driv og styrer med ymse greier ute og i garasjen. Fisk for eksempel. I dag skal vi ha steikt sei til middag.
I går ettermiddag var vi samla hos Margrete og fekk herlig lasagne (heimelaga), salat og foccaiabrød (som Lars hadde laga). Til dessert hadde vi kaker og kaffi.Og karamellpudding, som var Solveig sitt bidrag til "festen". Det kjem vel med å ha eit stort bord, i går var vi 13, men der var plass til fleire.
Solveig, Øystein og Olaug kom frå Hareid, dei var med opp at hit fordi dei skulle ta Einar sin bil med ut att. Solveig hjelpte meg med å rekke opp den genseren som var for lang- nedanfrå. Ho trudde ikkje eg hadde rette tolmodet til det, og det hadde ho vel rett i.
Som de veit har eg skrive mykje på bloggen om Ferdinand Finne-tallerkane eg har kjøpt-i alt ni. Solveig hadde vore inn på butikken og sikra seg to nydelige skåler som høyrer til serviset, og dei hadde ho kjøpt i fødselsdagspresang til meg. Den øvste skåla er større enn den nedste, det kjem ikkje så godt fram på bilda. Den eine kan stå oppi den andre.Det vart til at eg fekk gåva i går-i staden for at vi venta til påske. No kan eg altså dekke med dette fine serviset til 9 personar.
I dag vil vi gratulere Henning på Eid med dagen. Og sjølvsagt også hans majestet kong Harald.( Eg er ikkje heilt sikker på om han les bloggen min.) No skal eg steike fisk.

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest bollane var for fine å gå frå, og sidan der stod eit sett til, synest eg det var greitt at du ikkje vart freista til å slå til på det.

Besta sa...

Ja, eg forstår tankegangen. Men eg har ein mistanke om at der kjem litt til etter kvart, så eg skal i alle fal kike etter om eg finn 3 tallerkar til. Meiner der var tomt for bollar sist eg var innom.

solveig sa...

Ja, ho sa dei hadde funne fleire på lageret. Serviset er flott, så det er berre å ønske seg meir. Om ein ikkje finn det like billeg, så kan det kome på halv pris innimellom.

Bjørg sa...

KJEMPEFINE BOLLAR!
Det som eg har gjort i dag er at eg har lagt alle dyner, puter, tepper og madrasser frå soverommet ut på verandaen. Det var 11 kuldegrader frå morgonen. No skal dei ligge der til kvelden. Då skal alle dyr, midd, visstnok vere daude. Eg har ikkje sett noko teikn til slike dyr, men sidan det var så kaldt, tenkte eg at eg kunne bruke kuldegradene mens vi har dei.

Besta sa...

Du er lur , Bjørg. Eg har høyrt det same, men eg bekymrer meg lite over dyr som er så små at eg ikkje ser dei. Tenk at det er så kaldt der nede, mens vi her har varmegrader.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...