mandag, januar 07, 2013

Dagbok 2013 : 7.januar

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 6 grader. Det har vore meir og mindre mørkt det meste av dagen og det har regna litt innimellom. Vi måtte nedover ein tur f.m., men i dag var vi snare.
Så laga vi i stand til "siste juledag" med "juleball" i Starevegen 7. Gjestar var Margrete og dei yngste barna.Eg laga rikelig med ballj (klubb) og diverse tilbehør: kokt juleribbe (pinnekjøt), kokt flesk, dampamør (julepølser) kokt rabbe, feitt frå pinnekjøtet vi hadde i jula og steikt bacon. Skulle skikkelig feite oss opp før vi ryddar jula og julematen HEILT vekk. Trur eg. Det var kjekt å sjå at Margrete hadde kome seg bra i form att og hadde matlyst.Det blir ei stund før eg lagar ballj igjen. Det er kraftig kost.
Var ikkje heilt i form før middag og tenkte sjølvsagt på influensa, men det var visst falsk alarm denne gongen også.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. Såg mesteparten av "Halvbroren" på opptak i går, men det vart utan tekst, og då får eg ikkje med meg mykje av det dei seier, så eg skal sjå det om att på NRK 2 i kveld, håper at eg får til å tekste då. Det såg no veldig bra ut då, og eg har lese boka, likevel får eg ikkje med meg alt når eg ikkje får med meg det dei seier. Scenene frå "Røst" er visst filma her på Sunnmørskysten. Godøya var det nokon som sa.Synest det er flott at dei produserer norske seriar, vi har rikelig litteratur å ta av!

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Halvbroren var bra, gode skodespelarar. Lenge sidan eg las boka, hadde gløymt mykje av handlinga. Gled meg til dei neste 6 ep. Lyden var betre enn dei norske filmane/seriane vanlegvis har, men sjølvsagt greitt med teksting.

solveig sa...

Eg og har lese boka, og handlinga kjem attende til meg. Det er mykje utydeleg tale! Vi såg i opptak, berre litt forseinka for å få sett nyheitsoverskriftene. Vi likte best handlinga på 60-talet.

arieldog sa...

Takk for nydeleg middag!

Elin sa...

Du verden for eit måltid! Eg har ikkje smakt på anna enn hjorteribbe denne jula, men har ferdigdampa saueribber i frysen i påvente av KOmpardag, trur det kan vere ein god kombinasjon for dei som tåler det. Eg likte Halvbroren kjempegodt! Handlinga kjem tilbake etter kvart, veldig lenge sidan eg las boka. Dette blir betre enn Erobreren, ja. Nydelege naturbilete frå øya, kva det no er for ei..

Dagbok 2024: 26. november

                                            På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...