onsdag, januar 09, 2013
Bok nr. 1 - 2013: Udødelighetens elixir.
Dette er ei lang bok, heile 20 CD-plater. Det er ei lang bok - også på den måten at handlinga strekker seg over nesten 1000 år.Boka er ein familiekrønike, ei historie om ein jødisk familie i Europa over lang tid. Familien har flytta omkring, og alltid har ein av slekta vore til stades når store ting har skjedd.
Det er den siste gjenlevande i slekta som fortel historia, der han ligg for døden på eit sjukehus i Oslo. Historia om familien Spinoza er eigentlig jødefolket si soge men også heile Europas.Så her får vi repetert det meste av det vi har høyrt før, og vel så det. Forfattaren garanterer ikkje at alt er sant, for han har sjølv høyrt fortellingane av andre. Han fortel heller ikkje kronologisk, så det er lett å gå i surr. Innimellom dei store historiske hendingane, kjem det anekdotar om ulike familiemedlemmer.Her er mange artige og ganske morsomme fortellingar innimellom.
Høyrest dette forvirrande ut? Det er sant å seie ikkje så vanskelig som det kan høyrest. Boka er velskriven, og opplesaren er flink.Det eg skulle ønske var at eg hadde betre historiekunnskapar, og at eg hadde hatt tolmod til å lese boka på papir-i sakte tempo.(Eg er dessverre ei utolmodig sjel.)
Eg vil anbefale denne boka, men les først om den på nettet slik at de veit litt på førehand. Det skulle eg ha gjort.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26. november
På toppen av Storebakken Klokka er no16.00, temperaturen på trappa er + 6 grader c. Det er overs...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar