torsdag, desember 20, 2012
Vêrmelding 20.12. 2012
Bilda er tekne i dag klokka 12.00, og for meg ser det ut til at sola har begynt å krype nedover fjellsida att. I følgje kalenderen skal solsnu vere i morgon, men den kyndige naboen min meiner at solsnu ikkje alltid er på den datoen, så eg må høyre med han. Om ikkje sola alt har snudd, så gjer ho det i morgon i alle fall. Nydelig vêr framleis her, men eg uroar meg over at vi "brukar opp " alt finevêret på denne årstida. Temperaturen ute er no klokka 12.00 minus 4 grader C.
Nils for på sjøen så snart det var lyst, ikkje ofte det står "stille" på yr.no så han måtte gripe sjansen.
Eg har rydda på kjøkkenet, pakka julegåver og pussa litt sølv. Brukar sjeldan anna enn dessertskeiene og det var dei som fekk puss. Stressar ikkje med å bake kaker, ingen som et dei likevel.Har att å handle litt mat etc.
Kl.12.45. Fiskaren er komen heim. I dag med lyr, så no blir det vel å lage fiskekaker til jul? Eller kanskje "fløtepudding"? Det hugsar eg vi kjøpte på "Fiskebuda" heime på Eid til jul.
PS: No har eg fått svar frå astronominaboen min. I år er solsnu den 21.desember kl.12.12.43 Altså i morgon middag. Så då stemmer det med almanakken min. Neste år snur sola den 22.desember. Så får vi berre sjå om verda står .
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 2.mai
Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Ein fast tradisjon hjå oss er fløtebollar i rekesaus 1.juledag. Før i tida fekk ein tak i fløtebollar, no må me greie oss med fiskebollar. Kanskje ein skulle prøve og lage fløtebollane sjølv...? Kompenserer i alle fall med rikeleg med fløte i sausen, og godt med store ferske reker heilt til slutt. Nydeleg godt!- spesielt etter ein solid julemiddag! God jul! J.
Det kan no hende eg kan lage bollar. Godt med lett mat innimellom, og med reker i sausen er det eit festmåltid. God jul til deg også.
Det er postkort ver for tida. Fantastisk flott å sjå ut midt på dag!
Ja, om ein berre hadde klart å komme seg ut,så. Eg ville hatt dette veret om sommaren. 3-4 veker med nydelig sommarver, DET hadde vore noko.
Legg inn en kommentar