tirsdag, desember 04, 2012

Vêrmelding 04.12. 2012

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er minus 8 grader C. Det har vore lettskya og fint i dag også. Kulden merkast ikkje inne i huset no lenger, her har vi det godt og varmt.
Nils ville ut og sjå etter båten i dag, og kanskje fiske, og då fann eg ut at eg skulle lage ein porsjon med havremakronar etter mamma si oppskrift. Og dermed gikk føremiddagen! Å bake småkaker er det absolutt verste eg veit, og ikkje bryr eg meg særlig om å ete dei heller. Som regel blir dei ståande urørte i boksane. Av ein gammal kollega lærte eg at det slett ikkje var nødvendig å kaste småkaker eller gi dei til småfuglane, ein kunne bake dei ned i brød, og det gjer eg. Det er ikkje lenge sidan påskekrumkakene forsvann i brøddeigen.
Eg forstår at folk bakar viss dei synest det er kjekt , men for meg er det årets største ork. Trur ikkje det er latskap eigentlig, for det er mange ting eg gjerne vil gjere, men bake altså.... I går kveld laga eg ei brasiliansk fruktkake, det er gjort på fem minutt å lage deigen og ha den i forma, det passar meg betre. Så kanskje eg berre skal lage nokre runde kaker...Eg diskuterer med meg sjølv heile tida utan å komme til noko resultat.
Nils kom heim med ein del sei, ikkje så veldig store, men vi fekk oss i alle fall så mykje småsei til middag at vi vart heilt slått ut. Det er reine sovemedisinen. No har vi drukke kaffi og ete kaker med havregryn, det er no LITT sunt.
Elles er dagane korte, og ein burde vel heller komme seg ut mens det er lyst i staden for å gå inne og rote.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...