tirsdag, desember 04, 2012

Havremakronar.

Å bake småkaker er langt frå det kjekkaste eg veit, men det høyrer liksom jula til. I dag har eg funne fram mamma si oppskrift på havremakronar; dei kakene laga eg alltid før, men no er det ei stund sidan sist. Dei er veldig enkle å lage. Oppskrifta er ganske "stor" så det blir mange kaker, men det går an å halvere.

Rør kvitt:
           500 gram smør/margarin
           500gram sukker.

Rør inn 3 egg

Ha i  400 gram store havregryn
         400 gram kveitemjøl
         4ts. bakepulver
Set med teskei på plata og steik på middels varme til dei er gulbrune.

Enklare kan det ikkje bli.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har laga dei ein gong, og det vart rikeleg ja!

Besta sa...

Men jammen var dei gode!
Vi brukar dei til kvardags.

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...