søndag, november 25, 2012

Vêrmelding 25.11.2012

Klokka er ca 23.30, og vi er på rommet vårt i andre etasje. Vi skal legge oss tidlig i kveld, for i morgon er det full fart på alle, det er jobb, barnehage og skule på dei her i huset. Og vi tek på heimveg.
I dag har det snøa her i Kongsberg, og vi har halde oss inne. Nils reiste til Oslo i dag tidleg og kom att i kveld. Det var ein kjekk dag for alle HØDD -tilhengarar, og eit minne for livet for han som fekk vere der. Vi andre her i huset følgde kampen på TV. Sjølv eg, som eigentlig ikkje bryr meg om fotball, vart riven med.Blir liksom meir "sunnmøring" når ein er på Austlandet.
Temperaturen ute er 0 grader C ogdet er ganske vinterleg. Håper fineveret varer enno når vi kjem heim att.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med seieren og god tur heimover!

Besta sa...

Takk for det. No skal vi berre ete frokost, så fer vi. Må nytte dagslyset.Det har kome meir snø i natt her.

Dagbok 2026: 3. mars

Klokka er no16.25, ute regnar det og temperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren ...