fredag, november 23, 2012

Vêrmelding 23.11.2012

Klokka er snart 18.30. Ute er det overskya, litt regn og mildt.
I dag var både Wenche og Rasmus på jobb og gutane på skule og barnehage.Nils og eg skulle inn på Storsenteret og handle julegaver, men det vart nokså mislykke. Det blei mykje trakking og lite handel. Aldri lurt å handle på frammande plassar. Og så var der varmt, og eg hadde altfor mykje klede på meg, så eg vart temmelig "mødde".Vi får prøve med lettare antrekk i morgon.
Det vart til at vi for "heim" att, der eg steikte bacon og ein diger haug med pannekaker, som vi åt då alle var komne heim. Dvs. gutane fekk ete etter kvart eg steikte-det er no litt ekstra stas.
Elles så det det litt unntakstilstand her for tida ; oppvaskmaskina streika dagen før vi kom. Så Wenche og eg har vaska opp kvar sin gong. Den maskina Rasmus vil ha, har dei visst ikkje på lager, men det ordnar seg vel på sikt. Den gamle maskina er 15 år gammal, så det er ingen ting å reparere på i alle fall.Vi kosar oss og slappar av, det er først på søndag det blir "kamp".

1 kommentar:

Hildegard sa...

Dei fleste kjøpesenter har vel altfor høg temperatur. Her regnar det "trollkjerringar" i kveld, men det skal visst bli bra i morgon. Vi passer Mira, den yngre garde er i Bergen med studentane. Fortsatt fin miniferie!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...