tirsdag, november 13, 2012

Vêrmelding 13.11. 2012

Armenia Albania Argentina
Klokka er snart halv seks og det er mørke natta ute. Temperaturen er det ingen ting i vegen med, nærmare +11 grader C. Det er overskya og litt regn.
Dagane er korte på denne årstida, men som eg sa til Nils nettopp: Dagen treng ikkje vere slutt fordi om det er mørkt. Så no er han i garasjen og fileterer fisk, og etterpå skal eg lage fiskekaker. Han mel fisken ein gong på handkvern, og så rører eg farsen på Kenwood Major-miksaren.
Ja, vi har kvern til Kenwooden, og ja, vi har foodprosessor, men vi har funne ut korleis vi likar best å gjere det. Eg brukar Wenche på frokost-TV si oppskrift, sånn cirka. Det er fleire som har spurt etter oppskrift på fiskekaker, men ein kvar har sin eigen vri, så det er vanskelig å gi ei nøyaktig  oppskrift. Kor mykje ein skal spe t.d., kjem mykje an på fisken. 

For dei som har lyst å prøve, er det berre å finne seg ei oppskrift på nettet og sette i gang. Øving gjer meister. Det lettaste eg å bruke foodprosessor og ha alt oppi på ein gong og så køyre farsen på fullt. Då blir kakene finmelne. Aberet er at prosessoren tek berre 700 gram fisk.
Tidlegare i dag har vi vore til Vik og handla, så steikte eg sei til middag. Etterpå måtte eg ligge på sofaen, for eg plagast med hofta. No skal eg sette i gang med fiskekakene.Har dessverre berre sei i dag, ville gjerne hatt hyse og lyr også.

Klokka 19.00:
No er fiskekakene i boks-eller rettare sagt, dei står til kjøling oppå fryseboksen. Og kjøkkenet er rydda. Ikkje all verdens arbeid.

I dag fekk eg pakke i posten-frå haugen bok.no Når eg ein sjeldan gong kjøper papirbøker, brukar eg denne nettbokhandelen i Volda. Bestilte boka sundag kveld og i dag låg den i postkasse, 30 kr billegare enn på vanlig bokhandet og tilsendt gratis. Veldig lurt, særlig viss ein har tenkt å gi bort bøker, då sender dei boka til mottakaren og rekninga til meg.(Eller eg betaler på nett med det same).
Boka eg kjøpte er skriven av mi gamle veninne og kollega Rønnaug Kleiva frå Vartdal. Ho skriv ein flott nynorsk i ein ordknapp stil. Har lese mange av bøkene hennar, men denne har eg sjølvsagt ikkje lese enno. Skal blogge om den når det er gjort.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Heimelaga seikaker er kjempegodt og best resultat blir det av fersk fisk. Vanskeleg å berekne veskemengde når fisken har vore frossen. Er enig i at å male fisken er best, men kanskje borna helst vil ha fisken heilt "knust". Du har vel høyrt om fiskegrateng utan fisk? - og eplekake utan epler?
Eidabesta

Besta sa...

Ja, elevane mine brukte å spørje om dei var "nødt" til å ha eple i eplekakene.
Desse fiskekakene skal eg ha med til Rasmus, dei set pris på det. Det hender at eg lagar fiskekaker til oss sjølve på foodprosessor viss eg berre skal ha til t.d. to middagar. Fiskebollar og fiskepudding lagar eg på Foodprosessoren.Elles likar eg betre rein fisk enn fiskemat. Men vi må no variere litt. Har ikkje vore så mykje fisk å få tak i den siste tida.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...