torsdag, november 29, 2012
Bok nr.59 - 2012: En god sak.
Et planlagt boligprosjekt på Fornebu lar seg ikke realisere. De som har kjøpt seg inn i prosjektet taper alle pengene sine. Folkene som står bak, investorer og meklere, stikker av med gevinsten. Økokrim får ikke noe på noen av dem. Er dette et bevisst bedrageri eller er samfunnets regler virkelig såtilrettelagt for de sterke ?
Dette er grunnen til at ein pensjonert universitetslektor med matematikk som fag , og som i tillegg er ein skikkelig datanerd, set seg føre å drepe dei mest skuldige i at ho og mange andre miste pengane dei hadde investert.Ho er ei søt gammal dame som heiter Anna. Ho hadde først berre tenkt å presse dei for pengar, men så ballar det på seg. Med seg får ho Cecilie, ei ung kvinne med god utdanning.Faren hennar har tatt livet av seg på grunn av tapsprosjektet.
Eg synest historia er svært lite truverdig, og ikkje ein gong særlig spennande, sidan vi heile tida har full kontroll på både "politi og røvar". Lesaren er allvitande.
Eg plar like godt Mehlum sine bøker, men denne historia blei for tynn. Synd, for han skriv godt. Her er både ironi og humor, som vanlig, men eg skal innrømme at eg lurte litt. Er historia ein parodi?
Boka tok seg opp litt på slutten, men er stort sett nokså kjedelig. Ikkje anbefalt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.November
Starevegen i vinterdrakt Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er m...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar