Kongsberg. Klokka er ca 23.30, og somme har gått til ro for natta. Temperaturen i dag har lagt på ca +15 grader C. Før middag pøsregna det ei stund, seinare var sola delvis framme, men særlig varmt var det ikkje.
Eg har vore "heime" heile dagen, det samme har W.og Vebjørn. Eivind har vore på sommarskule, og dei andre tre karane var på handlerunde. Dei kjøpte blant anna ein iPad til meg, som vi har brukt ein del av dagen til å finne ut av. Rasmus har ikkje særlig erfaring med slike, så det vart litt prøving og feiling. Det som eg vart gledelig overraska over var at den var så lett å skrive på, og at der er kart, med vegar og vegnummer etc. Kart over heile verda! Passar bra for meg, som les atlas slik andre les bøker. Ser ut til at dette kan bli ein ny tidstjuv. Tok bilde med den også, men var ikkje heilt nøgd med kvaliteten, så der ligg nok eit forbetringspotensiale.(Reknar med at det var eg som gjorde noko gale). Gutane er kjekke og greie og vi kosar oss. Åt siste resten av gullbryllupskaka i dag.
Takk til Margrete for lydfilene, dei kom vel fram.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
2 kommentarer:
Gratulerer med ipad, den trur eg du vil få glede av. Kos dokke og hels gjengen.
Legg inn en kommentar