fredag, august 10, 2012
Vêrmelding 10.august - 2912
Kongsberg.
Klokka har passert midnatt, så datoen er eigentlig feil. Ute er det + 15 grader no, før i dag låg den på ca 18-20 grader C. Det har vore delvis skya, litt sol og litt regn, men deilig ferievêr på den måten at ein kan vere både ute og inne. Før middag var Nils, Rasmus, Ingar og eg inn på Storsenteret og handla gaver både til den eine og den andre. Der er mange fine butikkar, men etter at dei bygde ut sentret er eg ikkje så godt kjent som før.
Til middag i dag hadde vi steikt makrell. Det var litt av ei porsjon eg laga til, men der vart ikkje mykje att. Det var ikkje stor,feit fisk, men små pirar (eller spirar som det heiter i Nordfjord og Sula).
Mens dei andre vaksne såg handballkampen, gikk eg ein liten tur åleine og las ferdig boka " Dager i stillhetens historie" -så no har eg fått med meg alt utan at eg vart særlig klokare av det. For andre som vil lese boka anbefaler eg papirutgåva.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
3 kommentarer:
I dag fekk Svein mange spir og makrell på snøret han fekk av Nils, så vi hadde rundsteikt spir i dag. Riktig ein festmiddag!
Det hadde vi i går.betre enn den store makteliten eter r smak.
Ser at "makrellen" har blitt til makteliten. Det er slikt som kan skje på iPad om ein ikkje passar på.
Legg inn en kommentar