Klokka har passert 20.00. Det er + 15 grader ute, og skodda ligg heilt ned på jorda. No har det begynt å regne litt også. Nokså deprimerande.
Då vi stod opp i dag var det sol og sommar, berre nokre små skoddedottar i fjella. Eg skulle berre støvsuge litt osb. og så til Volda for å få ei sprøyte, så hadde vi det meste av dagen til uteliv.
Ja, det gikk no ikkje akkurat som vi hadde tenkt, for det begynte ganske snart å skye over. Då kunne vi like godt lage middag- og etter at den var fortært, letta det litt så vi la oss ut på solsenga. Eg tok på meg dyne for sikkerheits skuld, og det var bra! Så i dag sov eg altså middag på altanen med dyne og lydbok og hadde det i grunnen ganske bra.
Seinare rippa eg tre bøker som eg lånte på biblio i dag, mens eg høyrde lydbok og strikka. Det er vel det som kallast multitasking.
I dag kan vi gratulere Solveig og Øystein med 27 - års bryllupsdag ! Dei feirer dagen i Trondheim.
I kveld kolliderer alle TV programma med handballkampen som til og med eg kjem til å sjå. Såg siste halva av kampen mot Sverige og det var ganske spennande. Norge MÅ vinne i kveld, eller så blir det snart over og ut.
Ønsker alle ei god helg med eller utan sport.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar