Klokka er snart 18.00, temperaturen er +17 grader C. Det er overskya og skodde og litt regn av og til. Må innrømme at det slit på humøret å gå heime heile sommaren i dette triste veret. No er ikkje sommaren slutt, og vi skal ikkje tilbake på jobb i år heller, så det lagar seg vel ein liten ferietur for oss også.
Når ikkje sola skein i dag heller, fann eg ut at eg like godt kunne gjere noko nyttig. Så då tok eg og vaska tak, vegger og golv på kjøkkenet. Skuffer og skap tek eg når behovet er der, ei skuffe no, eit skap då. Sjølvsagt blir eg dårlig etterpå, hofta mi toler ikkje at eg klivrar opp på bord og benker. Merkar alderen - er stil og støl og redd for å dette.Dei progressive brillene gjer at eg ikkje er heilt trygg når eg skal stige ned.
Noko skikkelig middag har vi ikkje hatt i dag, men dagen er ikkje slutt enno, vi et når det passar.
Tok ein tur rundt i hagen og såg på blomster og bær, alt er seint ute i år. Først no begynner sukkererterne å komme, enda så tidlig som dei blei planta.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
1 kommentar:
Eg kjenner meg igjen i det du skriv, ja, det tek på å ikkje kome seg vekk litt, når "alle andre" reiser både hit og dit. Men sånn er livet. I dag er eg begynt med skulearbeid igjen, det er ein jungel og eit fjell å bestige, følest det som, når ein har vore vekke så lenge. Dessutan skal eg begynne med 1. kl., og det er lenge sidan sist. Begynner i 50 prosent og prøver å trappe opp før jul.
No er det rett før Hilde og eg tek oss shoppingtur!
Legg inn en kommentar