Klokka er snart halv tid og ein nydelig dag er til ende. I dag vakna vi til sol frå klår himmel, og det har sannelig ikkje hendt ofte denne sommaren. No ser at det dreg seg til med skyer frå sør, så det er ikkje sikkert morgondagen blir like fin. Temperaturen ute er no +17 grader C, før i dag var den oppe i +26 grader, minst.
Var ute og styra litt i hagen før eg gjorde meg klar til å gå på møte klokka 12.00. Det var styremøte i pensjonistlaget.Litt surt å sitte inne i to timar midt på finaste dagen, men må ein, så må ein.
Då vi hadde ete middag, låg vi ute på altanen og sola oss-og sjølvsagt somna eg !
Eg har gjort minimalt av husarbeid desse dagane, ville helst nytt kvar ein einaste lite stråle av sol. Nils forkynner no at det er meldt styrtregn på laurdag, så då får eg vere inne og vaske og støvsuge.
Nils måtte fare over plenane i dag også, for det låg så mykje gras att.
Denne buska heiter Forest fire. Der er ikkje blomster på den, men dei nye blada er raude før dei går over til lysegrønt og ti slutt grønt. Den er ganske fin.På bildet ser eg at einkvan(eg) skulle ha rive bort graset rundt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Flott busk og nydeleg lilje!
Legg inn en kommentar