Klokka har passert 21.00, og sola har gått ned i heile Ørsta, noko som er teikn på ein begynnande haust. Midt på sommaren har dei sola til langt på kveld på andre sida av fjorden..Det har vore nydelig ver i heile dag, og akkurat no er himmelen heilt klår.
På føremiddagen hadde vi eit par ærend til Vik som ikkje kunne vente, så vi måtte ein tur nedover. Det har opna to nye matbutikkar på Amfi; Bunnpris og Coop Extra, som kom i staden for Coop Mega, men vi fall ikkje for freistinga å gå inn der i dag. Vi skal ete unna litt av det vi har i frysaren først. I dag blei det forresten spekemat og mandelpoteter, det er god sommarmat.
I dag har Nils fått slått plenen, der var mykje gras. Han gjødslar godt, får ein fin plen, men må slå ofte.Dessutan fekk han "mala" siste stroket på båten, så no blir det snart sjøsetting igjen.
Eg låg lenge på altanen med lydbok, og så plukka eg litt bær som vi åt med fløte på, etter slåtten. Fløten var ute på dato, men like god for det.
No i kveldinga har eg vore litt nyttig, har teke inn, lagt i hop og stroke kleda eg vaska i går." Når sola går ned i vest, arbeider den late best." Vi har ikkje fleire solskinnsdagar enn at vi kan ta oss tid å nyte dei. I morgon før middag er det styremøte i pensjonistlaget.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Fint her også i dag. Vi hadde oss ein liten tur på sjøen med snekka og fiska litt makrell og ein fin sei i lag med Henning. SFO på oss denne veka. Såg niser som kosa seg på fjorden.
Kjekt at de fiskar og får fisk. Skulle ønske vi hadde hatt ein litt større båt-då kunne eg ha vore med somme tider. I dag kan det hende Nils får sette ut att båten, men han må vente til naboen er ferdig på arbeid og kan hjelpe til med å få båten på vogna. Før hjelpte eg til med alt slikt, men har ikkje krefter til det no lenger. Niser er det ofte i fjorden her. Artig å sjå på dei.
Legg inn en kommentar