tirsdag, august 14, 2012
Vêrmelding 14.august - 2012
Klokka går mot 21.00. Ute har det akkurat vore ei regnbyge, og no ser eg regnbogen i det sola så vidt er framme. Temperaturen er + 17 grader C.
Eg hadde budd meg på ein varm og fin solskinnsdag, men vakna opp (omsider) til overskya himmel. Rekna med at det var ein overgang, så eg sette i gang med lufting av sengetøy, skifting på sengar, klesvask etc.
Det heldt seg opplett heilt til vi hadde ete middag, og la oss ut for å sole oss. Det vart ein brå slutt på middagskvilda då det begynte å drype frå himmelen og alt som hang ute måtte bergast i hus.
Kan ikkje seie at eg har GJORT så mykje i dag, det har blitt både Facebook og lesing og andre unyttige aktivitetar. Nils skulle smørje båten eit strøk til, men det regna før han kom så langt. Heller ikkje fekk han klipt plenen, den var ikkje tørr nok, før det regna igjen. Eg har ikkje fått til å stille inn iPad-en til vårt heimlege nettverk heller (engasjerte ein nabo som heller ikkje fekk det til), så det er i grunnen ikkje så mykje som har lukkast i dag. Men det kjem nye dagar og nye muligheiter.
Til middag i dag hadde vi salta lange og nye mandelpoteter som vi kjøpte i Skjåk. Dei var små, men utrulig gode. Slit litt med å kome ned på normalt nivå av matinntak. Det har vore ein kaloririk ferie.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar