mandag, juni 04, 2012

Vêrmelding 4.juni - 2012

Klokka er 13.20 og Nils driv og kokar lange til middag. Ute er det opplett,litt skodde og skyer, men det ser ut til at sola skal bryte gjennom. Temperaturen er heile +15 grader C, så det kjem seg.
Staudebeddet som de ser på bildet, laga vi til for nokre år sidan. Det er lettstelt, sidan vi har lagt både duk og bork.Enno er det nokså kjedelig, men her kjem blomster gjennom heile sommaren når det først kjem i gang.
I dag har vi vore ein tur nedover og handla litt. Mellom anna kjøpte eg meg ny toalettveske. Det har stått på ønskelista lenge, men så gløymer eg det heilt til eg står og skal pakke kofferten.
Elles skjer det ikkje så mykje, men i morgon reiser vi på vår første pensjonisttur med overnatting. Det er stadig noko ein gjer for første -og siste- gong.
Det har vore mykje tull med bloggen i seinare tid, det siste er at mange av bloggane eg følgjer med på har forsvunne frå sida mi. Treng trulig å få nye adresser å legge inn.

1 kommentar:

solveig sa...

Det siste ser eg fleire som klagar på.
God tur!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...