No har eg lese to av dei tre forteljingane i denne boka som eg fekk i hende av Margrete. Den tredje forteljinga begynte eg så vidt på, men likte ikkje stemma til opplesaren, og heller ikkje begynnelsen på historia, så eg la den bort så lenge. Har tre krimbøker liggande som fristar meir.
Eg likte særlig godt andre forteljinga i Grytten si bok, der møbelhandlaren frå Åsane kidnappar IKEA-sjefen. Grytten skriv ein dialektfarga nynorsk, som blir særs bra når opplesarane beherskar dialekten. Språket er fritt for klisjéar, og etter mi meining både originalt og "spennande". elles kan de gjerne lese kva Margrete skriv på sin blogg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar