lørdag, juni 23, 2012

Bok nr.27 - 2012: I en og samme person.


John Irving er ein kjend forfattar som har hatt stor suksess med romanane sine. Eg har ikkje lese så mange av dei, men hadde store forventningar til denne boka. Eg kan ikkje seie at forventningane vart innfridde. 
Delar av boka har eg likt, men mykje har vore kjedelig, og heile problemstillinga virkar litt passé.
Hovudpersonen, jeg-fortellaren, er ikkje berre homofil, han er bi-fil, faren er homofil og bestefaren er trasvestitt. Ei kvinne som han forelskar seg i er transseksuell osb. Det blir litt for mykje av det gode, rett og slett. Det blir mange personar å halde orden på, og svært få av dei blir vi verkelig kjende med.( At forfattaren høyrer med i ei av desse gruppene er eg ikkje i tvil om. )
Hovudintensjonen med boka er å overtyde lesaren om at alt er "normalt" og at ingen skal diskriminerast på grunn av seksuell legning. Eg veit ikkje korleis det er i USA, men dette begynner å bli litt gammalt nytt her til lands-i alle fall i teorien.
Boka er for så vidt godt skriven, og her er ein god del svart humor. Eg forstår humoren, men synest ikkje det er så hysterisk morsomt.
Mykje kunne vore redda om boka hadde blitt betre formidla, men opplesaren les for fort og for slurvete, så ein misser sikkert eitt og anna poeng undervegs.Eg hadde lyst å legge boka frå meg etter kort tid, og ærlig talt hadde eg ikkje tapt så mykje på det.
Likevel ser eg ikkje bort frå at folk som kjenner seg igjen i desse miljøa kan ha glede av å lese om andre likesinna. For nokre år sidan ville boka sikkert vekt meir oppsikt enn ho gjer i dag.

2 kommentarer:

Elin sa...

Trur eg står over denne. Måtte også gje meg med Twisted River. Det blir for massivt, sjølv om eg eigentleg likar forfattaren godt...

Besta sa...

Twisted River har eg lese, men den var no heilt annleis enn denne. Skal sjå om biblioteket kan skaffe "En bønn for Owan Meany"(Usikker på stavemåten)Den las eg på papir for mange år siden, og den var god. Sjølvsagt hugsar eg ikkje att noko no.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...