Månen over Melshornet ved midnatt.
Klokka er snart halv fire. Ute er det overskya , litt regn og berre +8 grader. Det er ikkje sommar for å seie det forsiktig, og så er det visst meldt snø i helga. Ja, ja, eg skuldar på den globale oppvarminga og er redd for al Golfstraumen forlet oss. Då blir her ikkje mykje trivelig.
Var bort på Rystelandet og kjøpte gjødsel i dag, der var mykje fint som eg kunne ha tenkt meg å planta , men tek ikkje sjansen på å få det øydelagt av snø. Alt som har blomstra hittil i år har blitt heilt eller delvis øydelagt, og no står tulipanane klar til å blomstre.
Vi var ein tur til Vik f.m. og ordna opp i diverse, og så shoppa vi litt. Til middag blei det Grandiosa; må vere lov det og av og til. Det er i alle fall kortreist mat, sidan den blir produsert på Sunnmøre, dessutan er den utstyrt med nøkkelhol.
No skal vi ta oss ein tur til Hareid med diverse som Solveig skal ha til konfirmasjonen.
Ønsker alle ei god helg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 29.mars
I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat s...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
God helg til dokke og! Vi er no på hytta på Leikong. Skal i bryllaup 12. mai i Ålesund.
Legg inn en kommentar