torsdag, mai 03, 2012

Vêrmelding 3.mai - 2012

Klokka er 13.15, ute er det overskya, men opplett. Temperaturen er + 14 grader C.
Veret i dag vart betre enn forventa, og mange brukar dagen til hagearbeid. Berre eg har jobba inne med diverse vasking og støvsuging. Det kan høyrest ut som om eg vaskar støtt, men det er berre det at eg gjer LITT kvar dag-det som eg før gjorde på ein føremiddag.
Nils sette i gang med å lage til for å så sukkererter, men først var han nedover og kjøpte mold og gjødsel.Dyrking av sukkererter er noko han lykkast med kvart år, men i fjor kom dei så seint at vi hadde problem med at det vart for mykje i frysaren. Når ertene kjem tidlegare, har vi som regel nokon som et unna.
I nedste bildekanten kan de sjå skjærsminbuska som var så vakker med kvite blomster i mange år. Men den voks seg altfor diger, så vi fann ut at vi måtte ta den skikkelig nedåt. Sidan har det ikkje vore liv i den, så no må vi vel grave den opp.Veit ikkje om det er råd å få tak i samme sorten heller.
Naboane nedom oss jobbar på med hus og hage, dei pussar opp både ute og inne. I dag fekk vi komme inn og sjå kva dei har gjort der.Det er alltid spennande med oppussing. Nils hjelpte til med å ta opp ei buske, for dei ville legge heller heilt inn til veggen. Kjekke naboar vi har-no også.
Har ikkje planlagt middag i dag, så eg veit ikkje om vi greier å grave fram noko frå ein av dei mange frysarane våre. Ikkje veit eg kva som skjuler seg der.
I mellomtida tek vi oss ein kaffikopp med nogo attåt.

Ingen kommentarer:

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...