Klokka har passert 6.00, temperaturen er 12 grader C og no er sola nesten framme. For ei lita stund siden var det skodde og litt regn.
I dag føremiddag laga eg eit par kaker, mens Nils tømde kompostbingen og var til Vik og klipte seg. Til tidlig middag blei det fiskekaker, og etter ein kaffikopp tok vi turen til Vik, der vi utretta nokre ærend rundt omkring.
Blant anna var eg på biblioteket og lånte Mo Hayders bok "Borte" for tredje gong; no skal eg passe på at alt er i orden før eg leverer den tilbake.
I dag fyller Vebjørn 6 år, tida går, ungane veks opp og vi eldest. Slik er det berre. Vebjørn er ein trivelig og aktiv gut, skal bli spennande å sjå korleis han kjem til å trivast på skulen. Han er ikkje av dei som sit mest i ro.Men det er vel ikkje berre det som tel?
Dette bildet tok eg i påska. Som de ser er han både heit og sveitt, og då smakar det ekstra godt med is.
GRATULERER MED DAGEN, VEBJØRN!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 8.mars
Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte e...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar