onsdag, mai 16, 2012

Vêrmelding 16.mai 2012.

Klokka er vel halv fem. Det er overskya ute, men opplett. Nils stod opp i gryotta og for ut for å fiske. Då eg stod opp klokka 7.30 var det strålande sol og klår himmel. Men ingen ting varer. Varmt har det ikkje vore i dag heller, no er temperaturen + 13 grader C.
Eg fekk gjort ganske mykje i huset før Nils kom att i 10-tida, og så shina vi oss opp litt og for på butikken. Først var vi heilt bort på El-kjøp og hamstra kaffi. " Løfbergs lila" er den kaffien vi likar best. Etterpå handla vi på Amfi. Det var ikkje all verda vi hadde behov for, vi må nok enno ein gong prøve å få ete tomt i frysaren.
Til middag blei det kokt småsei med poteter, gulrot, flatbrød og Kviteseidsmør.Det seier seg sjølv at det blei ei stund på sofaen etterpå. No er Nils ute og klipper plen. her er ikkje særlig mykje gras, men det er no greitt å få vekk dei bustene som er. Mest ugras.
I dag er det 10 år sidan denne karen kom til verda på sjukehuset i Kongsberg, og vi vil gratulere han med dagen. Eivind er ein kjekk og grei gut som tek godt vare på dei to småbrørne sine.
Då han var fødd var alle på fødeavdelinga opp i under over dei mørkebrune, mandelforma augene. Dei har han framleis. Dette bildet er tatt i påska i år.Det er synd det er så langt til Kongsberg, det er ikkje ofte vi har vore der på dagen hans.
Henta fram dagboka mi og slo opp på 16.mai 2002. Den dagen var det overskya, regn og +8-9 grader C. Ikkje sommar då heller med andre ord.
Einar vart konfirmert laudag 11.mai det året og naboen fylte 60 år. Mykje skjer i løpet av ti år, same kor fort vi synest tida går.
  GRATULERER MED 10-ÅRSDAGEN, EIVIND!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...