Klokka er snart halv seks. Temperaturen er + 5 grader; sist natt var det vel like mange minusgrader?
Veret har vore fint i dag, lettskya og litt sol.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, for gjestane våre skulle fare i 9-tida. No fekk eg nettopp melding om at dei var komne fram til Pers hotell på Gol, der dei skal overnatte.
Her gikk det meste av føremiddagen med til å få i orden huset igjen. Godt å ha noko å gripe tak i når besøket er over, så blir det ikkje stusslig. No ser her relativt presentabelt ut.
Elles har eg fått lese litt i den nye krimboka mi, "Den døende detektiven" av Leif GW Persson. Trur den blir bra.Den er i alle fall glitrande godt skriven.
Nils var ute og gikk ein tur, men eg hadde vaska håret, så eg fann ut det var best å halde seg inne til det var tørt.
Sjekk: www.pers.no/tropicana
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Godt at reisa deira går som planlagt! Eg les Arven. Starten engasjerer meg lite.
Det er samme forfattar som den boka eg las nyss. Det er ein underhaldningsroman. Take it or leave it.
http://www.pers.no/tropicana
Legg inn en kommentar