Klokka er vel halv sju, temperaturen ute er + 2 grader og det er opplett. Tidlegare i dag har det snødd ganske mykje, men eg reknar med at det tinar fort. Nils har vore ute og moka med hand i fleire vender,og plogen har fare forbi huset 2-3 gonger. Det er i grunnen nok snø no.
Elles har vi hatt fleire måltid i dag enn vi plar ha, og no er vi ferdige med middagen. Så skal eg piske krem og vi skal ete Solveigs karamellpudding til dessert.
Anne Marie reiste med 12.30 -bussen i dag, så no er det berre Rasmus og familien hans som er att her med oss. Så veldig mykje skjer ikkje her i dag, det er liksom "dagen etter" den store dagen denne påska.
Alt er forandra på bloggen min av ein eller annan grunn, men eg finn vel ut av det etter kvart.
Rasmus skulle undervise meg litt i Excel i dag; dei fleste i familien veit vel om lag korleis det går når den eine pedagogen skal undervise den andre? Ønsker alle ei fortsatt god påske.Bildet er frå Rasmus sin mobil.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar